fredag 19. februar 2010

Home Deco...

Eg har fått eit par spørsmål ang skrifta som eg har på lista i vinduet i mitt første innlegg. Derfor kjem det no eit innlegg om min forkjærlighet til skrift overalt i huset. Arielpappa meinte for eksempel at det ikkje var nødvendig å ha skrifta "toilet" rett over doen. Han meinte det forklare seg sjølv..hehe..eg forsvarte det med: "Jammen, det pynta jo opp!" :-)



               Lisbeth Dahl stigen min på badet har fått skrifta "Towels"


Skriftene er homedeco frå Panduro. Dette er eit slags klistermerke med transperant bakgrunn. Du kan kjøpe dei her. Og dei kosta berre kr. 59,- for eit brett med fleire!!! Eg har nettopp vore der og bestilt meir ;) Dei kan brukast overalt og pyntar veldig opp. Det kjekkaste er at dei ikkje sit fast..du kan flytte dei dit du vil og variere :)



                Senga på gjesterommet har fått teksten "A heart makes a good home for a friend"



                                   Bildet av Ariel har fått teksten "Beautiful"


               Døra på kjøkenet har fått teksten "Home is where the heart is"



Klesskapet til Arielpappa har fått teksten "him". Her har og dei gamle koffertane eg fann hin dagen fått plass.



Dette er ein hyllesak frå Jotex. Den var egentlig brun med svensk tekst. Eg fjerna teksten, spraya den kvit og satte på ny tekst. No passa den inn :)

Diverse andre nettbutikkar har og Walldeco. Det er heilt glimrande for meg og andre som ikkje er så stø på handa at dei kan skrive med så fin skrift sjølve :-)

Håpa dette var greit svar på spørsmål ;-)

Ha ein fortsatt fin dag!

Klem :-)

1 kommentar:

Aashildsvilla sa...

heia..sitter å leser bloggen din,kjempe masse spennende bilder og inspirasjon..arti med tekst på ting og tang får et litt fransk romantisk preg over tingene.. kjempelekker stige du har på badet for å henge hånduker på..likte den ..ønsker deg en fin kveld..stor klem fra åshild

Related Posts with Thumbnails