I dag har eg flytta litt om i framskapet mitt.
Kjekt med litt forandring :)
Min snille Besten laga framskapet til meg då han levde.
Eg har skreve om det før i eit tidlegare innlegg.
Han har og laga verktøykassa.
Begge deler har eg i seinare tid
måla kvite :)
Oppslagstavla eg laga for nokre dagar sidan har fått plass her.
Eg har endå ikkje fått tak i klyper,
men eg syns den pynter
uten og.
Glaskuppelen er av merket Krasilnikoff.
Eg har hatt den vekkgøymt i kjøkkenskapet vårt.
I dag fekk den kome fram i lyset ;)
Eg har og pynta med ei lyslenke,
som gjer skapet fin stemning.
Lyslenka kjøpte eg på Bohus for
mange år tilbake.
Inne i kuppelen ligg det ei rose kjøpt på Bohus,
og eit lite engleskrin eg fekk av
tantungen min til
jul eit år:)
♥♥
Når det gjeld sy/hobbyrom planene går det sakte,
men sikkert framover ;)
Alt er flytta opp, og står i kaos på golvet.
Og eg har funne ut at eg treng det og det og det og det og....;)
Jammen godt eg skal på IKEA neste helg :)
I dag fekk eg forresten 5 nydelege stoff eg har bestilt frå Panduro.
Så eg må nok få på plass symaskina snart ihvertfall ;)
♥♥♥
Eg ønsker dokke alle ein flott kveld!
Her i huset skal eg og mannen sjå Heroes ses 3.
Spennande! :)
Klem frå Bjørg :-)