torsdag 22. juli 2010

Internetshopping ;)

No om dagen popper det fram nye kataloger her og der. 
Og eg lar meg sjølvsagt friste ;)
Så i går fekk eg pakke i posten frå Jotex og H&M. 
Jippi!:) 
Eg elsker å få pakke i 
posten ;)


Frå H&M har eg blant anna bestilt dette putetrekket (99,-)
Det kom litt kle og, 
men dei er pakka ned i kofferten;)


Jotex hadde fått inn lyshus i den nye katalogen sin. 
Då var eg ikkje sein med å bestille ;)
Eg digger lyshus. 
Dei er så stemningsfulle og fine!


Desse to (sett med 2 stk til 169,-) har fått plass i gangen 
oppe inntil vidare.


Og i spisestova har dette 
fått plass;


Dette kosta 99,- 
og eg er kjempefornøgd! ;)


Så må eg vise dokke det flotte bildet min kjære har tatt,
 då han segla båten heim i mai.


Han har fått det framkalla på lerret. 
Det er så herlege farger og god stemning i bilde synast eg. 
Er ikkje han flink? ;)


No blir det stille her på bloggen i ei vekes tid. 
Kofferten er snart pakka ferdig,
 og vi er klar for avreise til England i morgon.
Men eg titter nok innom andre bloggar ikveld skal du sjå ;)


Ønsker dokke alle ei flott helg, 
og ei nydeleg veke!

See you soon ;)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. juli 2010

Litt nytt kjøpt/laga sjølv :)

Det har på mystisk vis komt litt nytt inn på 
Ariel sitt rom ;) 

Pengane sitte liksom litt lausare no når det er sommar. 
Hvertfall når det er så trist ver som no..


Den første settekassa eg pussa opp er 
omsider komt på veggen.


Her har baby Maileg og ein A som eg kjøpte i Førde 
komt i nokre rom. 


Då eg var i Bergen hadde eg bestemt meg for å kjøpe 
ein stor Maileg med rosa pysjamas.


Den fann eg på Små Ting på Bryggen.


Den er ca 50 cm lang og kjempefin! ;)
Veldig fornøgd med den!


Over senga som står på rommet til Ariel har eg hengt opp dette søte bildet. 
Under har eg sett opp veggordet frå Foto1
Always kiss me goodnight står det på det.
(Always er rosa, og viste litt dårleg på bildet)


Kosleg påminnelse når det er leggetid ;)


Den dagen eg og Tanteungen min utfolda oss på hobbyrommet,
 pynta eg denne eska;


Den vart slik;


Den er pynta med gåvepapir rundt, Tildapapir på toppen, 
blonder rundt kanten på lokket og heilt nederst. 
Og øverst har den fått ein knott frå IKEA :)


Eg håper alle har ein flott onsdagskveld!


Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 20. juli 2010

DVD hylle vart bokhylle/settekasse ✿

Som de kanskje huskar har eg flytta DVD hyllene våre opp i gangen i 2.etasje. 
Eg har laga 2 settekasser til Ariel. 
Og no hadde eg lyst på 
ei til meg sjølv ;)


Så eg kledde 2 av rekkene med dekorpapir frå Tilda 
og litt diverse eg hadde liggande.


I den midterste hylla har pocketbøkene
 mine fått plass ;)


Eg er veldig glad i såkalla "chicklit" og desse har som oftast pastellfarger. 
Så dei passa glimrande med dekorpapira mine ;)



Her ser du nokre av mine favorittbøker av Sophie Kinsella. 
Har ikkje du lest noko av henne før, 
anbefaler eg det på det sterkaste! 
Morsomme bøker, 
hvertfall eg kjenner meg igjen i ;)


Nokre av romma har fått litt pynt og 
GG kopper med (kunstig) 
plante i ;)


Her blir nok meir stæsj inne i etterkvart.

Så då fekk DVD hyllene eit nytt bruksområde,
 istaden for at dei vart hivne på bosset.
Gjenbruk er bra;)


Eg håper alle får ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-) 
(som skal begynne å pakke litt til turen!!)

mandag 19. juli 2010

Reisetips! ;)

Vi kom på ein glimrande ide på korleis ein kan sleppe å drasse med seg så mykje,
 når ein skal ut å fly med babyer ;)
Vårt store hovudbry var korleis vi skulle unngå å måtte ta med reiseseng. 
Her er løysinga!

Du tømmer kofferten når du er framme;


Og bruker den til seng ;)


Det virker hvertfall som om Ariel skal bli 
fornøgd med løysinga ;)



I dag har vi hatt besøk av min kreative Tanteunge på snart 10 år. 
Vi har kosa oss på hobbyrommet 
(som ikkje er heilt klart endå ;) 
med scrapbooking og 
lysdekorering.



Ho er utruleg flink!:) 
Fekk laga litt eg og som sikkert blir blogga om i nær framtid;)

Det går litt seint med prosjekta mine om dagen, 
eg er nok komt litt i feriemodus ;)
Er berre 4 dager til vi flyr
 til England :))


Eg håper alle får ein flott mandag!


Klem frå Bjørg :-)

søndag 18. juli 2010

Det nærmer seg Englandstur! :)

Fredag neste veke reiser vi til Winchester i England.
Min kjære har familie der, 
og vi har vore der ilag 2 gonger før. 

Winchester er ein utruleg kosleg by sør for London. 
Og eg kjenner reisefeberen kjem no ;) 
Eg gleder meg!!


Dette er huset vi har leigd og her skal vi bu i ei veke. 
Vi blir 10 voksne og 5 unger. 
Så det er bra at vi har eit stort og kosleg hus ;)

Huset er typisk engelsk,
slik ser det ut inn i;




Og her er kjøkenet;



(Bildene er lånt frå nettsida)



Det kribler litt i magen må eg innrømme ;)
Først av alt er eg spent på Ariel og flyreisa. 
Er det nokon som har gode råd?





Denne helga har vi hatt kosleg besøk både av 
mi søster med familie og min kjære si søster med den yngste sonen.


I kveld skal eg fortsette på mine mange prosjekt. 
Syrommet er begynt å ta form, hyllene er endeleg på veggen. 
Det mangler litt stæsj endå, så er det klart for visning;)


Dvd hyllene står og for tur, 
så får vi sjå kor mykje eg rekk over idag )




Eg og Ariel ønsker dokke 
ein flott søndags 
kveld!




Klem frå Bjørg :-)

fredag 16. juli 2010

Orden i endå ein rotekrok ;)

Etter shoppinga i forrige veke,
 har eg no fått ro i sjela når eg ser i endå ein krok her i Fjordhuset :)


Før har eg berre vist bilder til og med bokskapet i TV- stova vår. 
Her ser de kvifor ;)


I hjørnet har vi hatt opne DVD hyller frå IKEA. 
Ikkje spesielt roleg og fint å sjå på ;)


Men no vart det mykje bedre :)
På IKEA fekk eg med meg dette Billy skapet med glasdør.


Og med DVDer i skapet og gardin i døra (slik som på bokskapet), 
vart eg endeleg fornøgd!


Billy har fått ny knott. 
Knotten er frå Lisbeth Dahl.


På neste IKEA tur skal vi garantert ha med endå eit slikt skap.
Og dei opne DVD hyllene er flytta til gangen oppe,
 der dei skal få eit heilt anna bruksområde. 
Fortsettelse følger ;)


Eg håper alle får ei strålande helg med sol og glede!:)

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 15. juli 2010

Muffins ✿ Sommar ✿ Boktips


I går hadde eg og Ariel herleg besøk av ei veninne. 
Vi kosa oss ute med muffins, jordbær og iste. Ja, du høyrte riktig; ute!! 
Det var plutseleg litt sommar igjen igår. 
Men idag er det haust igjen. 
Kunne tenkt meg ein prat med han/ho som slår 
av og på bryteren på veret ;)


Eg har hatt eit innlegg om det før. 
Men sidan eg har fått ein del lesera sidan sist, 
har eg lyst å dele den gode muffins- oppskrifta mi med dokke:)


Muffins (ca 12 stk)

100 gr Smelta smær
2 dl Melk
2 Egg
300 gr Hvetemel
1 ss Bakepulver
1/8 ts Salt
120 gr Sukker
1 ts Vaniljesukker
Blåbærsylte eller anna fyll ;)

200 grader i 20 min


Set på ovnen til 200 grader. 
Bland det tørre for seg og visp saman det våte for seg. 
Bland det heile forsiktig saman med ei skei.


Eg bruker både muffinsbrett og muffinsformer. 
Då blir dei finast synast eg.


Hell røre i halvparten av forma,
 og legg ei god teskei blåbærsylte eller anna opp på. 
Så fyller du på med meir røre på toppen. 
Husk at dei vil heve seg, så ikkje ha i for mykje.


Steikast på 200 grader i 20 min.
Du kan bruke anna enn blåbærsylte inne i. 
Eg har brukt blant anna sjokolade, pistasjnøtter, bringebærsylte og diverse. 
Godt det og ;)

Håper det vil smake!


I går kveld kosa eg meg på verandaen med
 jordbær og "Husker dere ikke meg" av Sophie Kinsella
Ho er min favoritt- forfatter om sommaren. 
Ho skriv så morsomt og levande at bøkene blir aldri kjedelege. 
Det er ho som og har skreve Shopoholiker-bøkene som handler om shoppegale Rebecca. Kjenner meg godt igjen..kremt..;) 
Så viss du er ute etter lett, morsom lesning i sommar 
anbefaler eg desse på det varmaste :)


I dag kjem mannen heim. 
Så då håper eg det blir litt action, på husfronten altså ;)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails