Når eg likevel hadde målekosten framme,
fekk nokre bruktrammer nokre omganger med isvann og.
Når eg er på bruktbutikker/loppemarked ser eg alltid etter rammer med fin struktur.
Fargen kan alltids fiksast på ;)
Den bakerste ramma skal brukast til eit lite prosjekt eg skal gjere ferdig ikveld.
Den vart grådig kul når eg måla den (synast eg) Den reagerte tydlegvis med
den gamle målinga og krakkelerte.
Meir om den seinare ;)
I framskapet mitt har eg flytta om på pynten igjen.
Eg blir liksom aldri fornøgd.
(håplaust! ;)
Fuglehusa mine og ein liten & har komt på plass her.
Eg har virkeleg ein ting for hus. Det florerer av lyshus og fuglehus
i heimen for tida ;)
Ved sidan av framskapet har det lille bordet eg har
pussa opp med måling og decoupage/papir fått plass.
Oppå står diverse lysetaker som er
spraya kvite.
Eg må innrømme at framskapet er ommøblert igjen etter at bildene er tatt.
Som sagt blir eg aldri fornøgd. Denne gongen syns eg det
vart for mykje blått på ein plass.
Noko som eg derimot er veldig fornøgd med er den gamle krakken
eg fann på bruktbutikken og mine nydelege
zinkhus frå Kremmerhuset.
Krakken skal ikkje målast har eg funne ut.
Den er herleg og slitt som den er :)
I dag har vore ein herleg dag!
Nydeleg ver og familieutflukt til Kjenndalsbreen.
Supert! :)
Då er eg klar for ei lita bloggerunde før TV-kvelden begynner!
♥
Ha ein flott kveld du og!
Klem frå Bjørg :-)
Ps; meld deg gjerne på Give Away. Link øverst til høgre ;)