onsdag 31. august 2011

Sneakpeak ;)

Først av alt tusen takk for alle helsingar på bursdagen min! 
Kjempekosleg! Dagen vart feira i bil på veg til svigers, 
og litt vin på kvelden ;) Flotte gåver fekk eg og,
 tusen takk!!:)

 Vi hadde eit lite selskap dagen før sjølve bursdagen min. 
Og då fekk eg endeleg viljen min!! Bror min og mannen bar vekk peisen som
 har stått til ingen nytte i spisestova. Dei sleit noko voldsomt med å få
 den ned i kjelleren. Nesten så eg fekk dårleg samvittighet
Men berre nesten ;)


 Senga eg kjøpte på bruktbutikken er no komen på plass. Jubel! :)
 Så her kjem ein liten sniktitt på den. Den skal fungere som
 kosesofa, og det blir så fint!:)

Teen og kanelstanga fekke eg med i pakken eg vann i Give Away hos Hanne Margrete :)

Det kjem meir bilder seinare. 
For i skrivande stund skal Pappa til å mure igjen holet 
etter peisen. Tihi ;)

Eg håper du har ein  strålande onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 26. august 2011

Bursdagsjente :)

Ja, for eg kaller meg fortsatt jente. Sjølv om eg blir 33 år idag! 
Her kjem eit tips til superenkel bursdagskake. 
Veldig greit når ein berre har ein halvtime 
før gjestane kjem ;)


Ferdigbotn frå butikken
Del den i 2 eller 3 deler
Dynke laga med sitronbrus
Smør på vaniljekrem og krem på kvart lag
Dryss på hakka mandler og sjokolade 
Ha på frukt eller bær du har tilgjengeleg

= saftig og god bursdagskake ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 24. august 2011

Meir frå gangen vår

No har kommoden i gangen vår fått same behandling som skapet. 
Kommoden er i same serien frå IKEA, med gjennomsiktig plastfelt i frontane.
 Eg har festa tapet frå loppis med limstift, og voila skjuler den rotet inne i kommoden
 og den ser mykje finare ut ;)


Speilet som er komen på veggen bak stolen fann eg på loppis no i helga. 
Tanken var å måle det, men eg har ombestemt meg. Det bryt egentleg veldig fint med
 alt det søte, og røffer litt opp. Så det skal få vere som det er,
 enn så lenge ;)


Vasane på kommoden er også loppefunn frå helga. 
Endeleg fann eg  ein opalvase som eg har leita etter lenge! :)


Golvet i gangen skal med tida skiftast ut.
Parketten som ligg der no er alt anna enn fin. Men eg får leve med den litt lenger.
 Det ligg langt ned på lista over ting som må gjerast ;)


Oppussinga av skapet som også skal stå i gangen tar si tid. 
Eg fann nemleg måtthol som må behandlast. Eg trur ikkje det er nokon aktivitet
 der lenger, men det er best å vere forsiktig ;)


Eg håper du har ein nydeleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 23. august 2011

Eg ♥ Hausten

Det er definitivt begynt å bli haust ute. Og eg synast det er heilt flott. 
Misforstå meg rett; eg elskar sommaren. Når det faktisk er sommar. Men i år som i fjor har det berre vore nokre få fine dagar, og når dei først kjem så er det eit stress utan like å 
få mest muleg ut av dei. Nei, takke meg til hausten. Då veit du kva du får,
og ein kan kose seg inne med god samvittighet.
 Og før vi veit ordet av det er det jul! :)


Eg trudde egentleg at huset vårt skulle vere prega av sommarlege farger heile året, utenom jul sjølvsagt. Men no har eg plutseleg fått eit behov for litt mørkare og haustlege fargar. 
Så eg har leita gjennom stoffbunken min og 
sydd nokre fleire puter.


Eg liker kjempegodt runde puter. Så denne gongen vart det to slike. 
Lilla er ein flott haustfarge synast eg. Så det blir nok denne fargen som skal 
dominere litt her i heimen no i haust.


Denne puta har eg sydd saman av linstoff, eit turkis 
og to forskjellige lilla stoff. Og pynta 
litt med blonder.


Her har eg brukt det same lilla stoffet. Som er frå Stoff og stil. 
Sidan eg fortsatt ikkje har fått teken på hekling 
er det ein hekleduk frå Spar Kjøp som
 pryder framsida ;)


Oppskrifta eg bruker på runde puter finn du her! 
Det blir eit lite hol på baksida når eg lager dei på denne måten. Dette er for at det skal vere muleg å bytte trekk uten å øydelegge det. Men om du vil er det berre å 
sy fast noko pynt her og ;)

Eg håper du får ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 21. august 2011

Hekleduk frå loppis

I går var eg på loppis på Sandane. 
Og dette er eit fantastisk loppemarked. Stort og med mange skatter ;) 
Sidan det starta fredag var dei store favorittane antaglegvis selde for lenge sidan, men eg fann no litt likevel. Blant anna fann eg denne hekleduken.


Den passar perfekt i fargane eg har tenkt å bruke til hausten. 
Det er grøn og lilla i litt mørkare nyanser enn 
eg har brukt før.


Men duken skal ikkje brukast til det den er tenkt for, ser du ;) 
Eg sydde eit kvitt putetrekk som eg festa duken på. 
Og voila; ei ny pute i stolen :)


Lampa du ser i bakgrunnen vart og med meg heim frå loppis. 
Den har ein flott fot som ikkje viser på bildene. Eg lurer på å spraye den kvit og kanskje den skal få ein makeover på skjermen. Men den passer jo egenteg 
inn som den er og. Eg får tenke litt på det ;)


På loppisen kjøpte eg og eit lite bord med flotte bein, eit speil, 
nokre rammer, ei korg, to fine vaser og ein herleg gammal boks med julemotiv. 
Eg elsker loppemarked!!! ;) Bilder kjem i 
innlegg seinare!


Tusen takk for tilbakemeldingar på headeren. 
Eg er enig i at tittelen kjem dårleg fram, og at den mangler litt effekter ;) 
Men så var det disse datakunnskapane då. Eg ser det foran meg korleis den skal sjå ut, 
men dataprogramma mine er ikkje enig med meg ;) Hehe. 
Eg får prøve meg fram litt meir ;)

Ha ein super søndag!

Klem frå Bjørg :-)


Oppdatering; 
No har endeleg eg og dataen samarbeida. Kva synast de om headeren eg har no?
 Alltid kjekt med ærlege meiningar. Ris og ros 
mottas med takk ;)

torsdag 18. august 2011

Fargeklatt ;)

Eg synast ein dæsj gult her og der frisker verkeleg opp i eit rom. 
I gangen oppe har det rett og slett vore litt kjedeleg. Så då kom eg på denne vegglysestaken med speil som eg har hatt liggande i boda. Den var opprinneleg i messing, 
så spraya kvit og no er den gul ;)


Det er mykje som skal gjerast i gangen oppe. 
I vinter skal taket isolerast, nye lister skal opp. Golvet skal slipast og oljast. 
Og eg leiker med tanken på å tapetsere ein av veggane. Finare enn dette skal det 
hvertfall bli. Enn så lenge får eg nyte den freshe 
fargeklatten på veggen ;)



Eg har forresten laga meg ny header. 
Den er ganske sommarleg, men det er jo sommer endå? Kva synast du? Skal eg behalde den nye, eller gå tilbake til den gamle? Kanskje lage ein heilt ny?
Eg set stor pris på di ærlege meining!:)


Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 17. august 2011

Utfordring hos Sukkertøy for Øyet :)

Flinke Ida Susanne bak bloggen Sukkertøy for Øyet,
 utfordrer oss til å vise fram det vi har i heimen i fargen svart. Og den
 måtte eg hive meg med på, sjølv om eg fann ut at i min 
"pastellifiserte" heim var det lite av slikt ;)

Men litt fann eg no alltids;


Bordet og skjenken stod igjen i huset då vi kjøpte det. 
Begge har fått svart bengalack- måling, og det gjer ein fin kontrast til dei lyse
 og søte fargane ellers i stova. Den svarte klokka kjøpte eg i Danmark, og kikkerten har mannen arva etter Bestefaren sin. Ilse Jacobsen støvler finns vel i dei fleste bloggeheimar ;) Mine er svarte og måtte sjølvsagt vere med i bidraget ;)
For meir svart inspirasjon sjå her! ;) 
Kanskje du og vil ta
 utfordringa?

Eg har fri idag, og så snart Ariel våkner
 frå søvnen sin skal vi ut i sola! 
Herleg :)

Ha ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 14. august 2011

Tapetsering av IKEA skap

Dette IKEA- skapet er opprinneleg med gjennomsiktige dører i plast. 
Noko som ikkje er særleg dekorativt, når innholdet inne i skapet ikkje er så pent ;) 
Eg har pimpa det ein gong før ved å teipe på gåvepapir. Men dette vart ganske så bølgete etterkvart, og papiret var ikkje så fint likevel synast eg.


Eg har lenge sett etter tapet som eg kunne dekorere det med. 
Og då eg fann ein rull med tapet til 10 kr på loppis, 
ja då var det ikkje noko å lure på lenger ;)


Sidan eg ikkje er av den mest tålmodige typen, 
brukte eg rett og slett ei limstift å feste tapeten med (hadde ikkje tid å reise å kjøpe tapetlim, for når eg har ånden over meg, skal det skje med ein gong ;) Det festa seg godt, så eg håper det held seg slik. 
Planen er å skifte ut heile skapet med tid og stunder. Men fram til då er
 eg fornøgd med dette ;)


Sofus (katten) var med på heile tapetseringa, 
med ein voldsom iver skulle han fange både tapeten, hendene mine og limstiften. 
Hehe, han er jo berre søt då ;)


Den blå stolen har endeleg funne plassen sin i gangen. 
Eg synast den var kjempefin mot den blomstrete tapeten. Og så er det veldig
 greit å ha ein plass å sitte der :)


Eg har ein kommode i gangen i same serien som skapet, den skal og tapetserast. 
Men eg gjekk sjølvsagt tom for lim (grådig irriterande) Det gamle skapet eg viste 
i eit tidlegare innlegg skal også vere i dette rommet. 
Dette er under oppussing, og det 
blir så fint!!;)


Til slutt vil eg gjerne be dei som vann Give Away her hos meg,
 om å gje meg ein lyd viss premiane ikkje har komt fram i posten. Slik at
 eg kan få ordna opp i dette:) Epost: 
husetvedfjorden@hotmail.com


Eg ønsker deg ein strålande søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 13. august 2011

Redesign av små bilder

Gangen er ei utfordring når det gjeld oppbevaring
Det blir så raskt rotete her. Så no driv eg og pønsker ut diverse løysingar. 
Eg har tenkt å vise eit lite tips idag. Og det 
er til oppbevaring av nøkler ;)


På forrige loppis fekk vi med to små bilder på kjøpet 
(Det andre bildet var allerie under målekosten då eg kom på å ta Før-bilder ;)
 Eg måla rammene grøne og trekte stoff 
over bildet. Også skrudde eg fast
 kroker til oppheng.


Desse skal eg henge opp i gangen. 
Her er det plass til min og mannens nøkleknipper. 
Grei oppbevaring, som også er dekorativ ;)


Mens eg fotograferte kom eg på endå ein ide. 
Så trur eg må lage fleire slike og bruke til smykkeoppbevaring
Her er det fargeklatter frå Søstrene Grene som
 har tatt plass ;)


Eg har fleire prosjekt på gong i gangen, 
som eg skal vise fram etterkvart :)


Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 10. august 2011

Nye prosjekt og ting&Tang ;)

Det er ikkje noko nytt at prosjekta står i kø her i heimen. 
Men no er eg skikkeleg gira. For det første skal eg begynne på eit gammalt skap
 vi fann for eit år tilbake på eit jonsokbål, faktisk ;) Og eg har fått i hus ei sjarmerande
 gammal seng (viser berre sengegavlen på bildet) som skal bli sofa/dagseng i spisestova.
Eg gleder meg til ikveld, for då skal eg begynne på skapet ;)
Og eg kan avsløre at denne gongen skal ikkje målekosten
 brukast (ikkje så veldig mykje hvertfall ;)

Etter at eg fekk den gamle turkise stolen i hus har eg forelska meg villt i fargen. 
Og eg fann fram nokre sølvlysestaker frå loftet som eg har måla i 
fargen isvann. Fargen er nesten lik som den på stolen. 
Me like ;)


Eg var så heldig å vinne Give Awayen til Hanne Margrete som har den 
flotte og inspirerande bloggen Hjem, kjære hjem. Anbefaler varmt ein titt her
I pakken fann eg den finaste ramma og den søtaste telysestaken med 
teksten; Jag brinner för dig! ;)
Tusen takk! :)

Ha ein fin onsdag! Her skinner sola! :)

Klem frå Bjørg :-)

søndag 7. august 2011

Pinterest

Eg synast det er moro å sjekke statistikken på bloggen med jevne mellomrom. 
Der kan du sjå kor leserane dine har funne bloggen din. Og den siste tida har det vore mange treff frå Pinterest. Dette er ei genial nettside der du kan samle flotte og inspirerande bilder og lage di eiga virtuelle ide-oppslagstavle. Og noko som forbauser meg er at 
mange har lagt bildene mine ut her. Spesielt dette bildet
 er det mange som liker:


Den gamle vekta mi mot Green Gate og termosane mine er også ein av
 mine favoritter i heimen. Så det er moro at andre
 synast det same ;)

Sjekk ut Pinterest her. Mykje inspirasjon å hente, 
eller du kan lage di eiga oppslagstavle ;) 
Kanskje dine bilder ligg her og?

Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 6. august 2011

Ariel sitt rom :)

Eg har knipsa litt bilder frå Ariel sitt rom. 
Det har på "mystisk" vis kome litt nytt også her etter ferien ;)


Ny knaggerekke i rosa (sjølvsagt;) er komen på veggen. 
Ariel måtte jo ha noko å henge den nye veska på ;) Eg har ein plan om å få sydd
 nokre oppbevaringsposer som også skal henge der.


Muffins- bildet eg kjøpte på Kremmerhuset for ei 
stund sidan har fått ny plass over leikekjøkenet. Og når eg kom over desse søte koffertane på Søstrene Grene så vart dei fort med heim :)


På tysdag begynner eg på arbeid igjen. 
Så no minkar det drastisk på ferien. Men eg kjenner det skal igrunn bli 
litt godt å starte på igjen og :)


Ha ein nydeleg laurdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails