tirsdag 25. desember 2012

Julafta 2012

Eg er innom for å vise dokke nokre glimt frå Julafta i Fjordhuset.
Vi hadde ein kosleg dag, og det håper eg alle de som er innom også har hatt!
Eg tar juleferie frå bloggen til over nyttår! 








Vi bloggast i 2013 ;)

Ha ei fortsatt fin romjul!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. desember 2012

GOD JUL ♥

No er vi klar for kvelden før Kvelden
Treet er pynta, og huset er (snart) strøkent. Det blir kjempekosleg
 å feire jul  heime hos oss sjølv. 
Eg gleder meg! :)

Ha ei God Jul alle der ute!

Juleklem frå Bjørg :-)

fredag 21. desember 2012

Galleriplass+ Heldig vinner :)

Bildet mitt har fått galleriplass i utfordringa Jul i vårt Hus hos Nib
Og eg er så glad, glad, glad! Det er så kjekt å få ein bekreftelse
 på at nokon der ute liker bildene og interiøret mitt. 
Tusen takk!:)

I dag har eg trekt den heldige vinnaren
 av ein valgfri barneuro (verdi inntil kr.198) frå goyAgoy.no.

Den heldige er


Gratulerer til deg
Send meg gjerne ein epost til
 husetvedfjorden(ætt)hotmail.com :)

Tusen takk til goyAgoy.no som sponser premien! 
Og takk til alle som ville delta :)

Eg avslutter med eit bilde av julepynta soverom. 
Lyslenka er henta ned frå loftet etter at Happylights vart så populære. 
Denne er kjøpt på den greske øya Naxos for over 5 år sidan ;) Ein ekte snowball- lenke 
er også på plass i heimen. Den får eg vise seinare ;)

 Ha ein fin fredags kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 20. desember 2012

Påminnelse!

I morgon trekker eg vinnaren 
av ein valgfri Barneuro frå goyAgoy.no
Her er fortsatt gode vinnersjanser! Du kan melde deg på her, om du vil ;)

Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. desember 2012

Pepperkakehus

Etter å ha blitt veldig inspirert av all lekker pepperkakepynt som 
finns i Blogglandia om dagen, bestemte eg meg for å prøve eit
 eigenkomponert pepperkakehus. Med kjøpedeig, 
sjølvsagt, eg kan jo ikkje
 overdrive heller ;)

Eg møtte på mange hindringar. 
Vindaugene og hjertene for eksempel dei var borte vekk etter steiking. 
Så eg måtte skjære dei ut etterpå. Og prøve å lime det saman med smelta sukker 
prøvde eg ikkje ein gong. Her fann eg fram
 limpistolen ;)



Og resultatet
Tja..satser på at eg lærer av mine feil slik at pepperkakehuset i 2013 blir litt penare ;)
 For fleire hus blir det, dette var moro! :)

Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 18. desember 2012

Bilder frå ein tirsdag!:)

Her kjem eit bilderas frå julestova vår. 
Den kvite strikkeputa med grått mønster var eg så heldig å få av søte
Lidyll etter at eg vann ei utfordring hos henne :)
Som du ser passer den perfekt hos oss. 
Tusen takk Live :)







No skal eg kose meg vidare
 med den fine TV-kvelden!

Eg håper du koser deg du og!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 17. desember 2012

Har du fått med deg...

..at du kan vinne ein superfin uro frå goyAgoy.no?
Dei er fine å henge over senga, stelleplassen eller rett og slett berre som pynt :)
Her er bilder av nokre av dei du kan velge mellom;


Vinnaren trekkast allereie på fredag!
Klikk deg inn her om du fekk lyst å delta :)

Ha ein super mandag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 16. desember 2012

Julegåver

Når eg handler julegåver takker eg alltid nei til å få det innpakka i butikken. 
Det er jo så kjekt å pakke dei inn sjølv! Det er ofte mens eg pakker inn nynnande
 til julemusikk at julestemninga 
virkeleg kjem sigande på :)

I år har eg vore veldig inspirert av Sweet Paul sine muffinsform- rosetter. 
Desse var visstnok veldig poppis ifjor. Litt treig av meg med andre ord ;)

Til høgre her har eg prøvd meg på ein rosett av stoffrester. 
I midten er pakken pynta med ein hekleblomst
Også har eg prøvd meg på eit juletre 
av papirremser :)

Her har eg prøvd meg på vifte- rosetten som eg har fått med meg er "hot" i år. 
Juletreet og hjertet er laga av papirleire
Ellers har dymoen vore i bruk :)

Liker du å pakke inn julegåver?

Eg håper du har ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 14. desember 2012

I rute?

I år føler eg at Førjulstida er berre kos, og ikkje stress (hvertfall ikkje relatert til jul ;) 
Det har nok med å gjere at eg for første gong har realisert den planen eg alltid har
(men aldri har klart å fullføre)å vere ferdig med julegåver og grundig vask
 før 1.desember! Så denne månaden er det berre kakebaking, 
småpynting og anna kos vi har foran oss :)
Denne veka har vi blant anna baka pepperkaker og cookies.
Med julemusikk og fint besøk er dette kjempekosleg og lager julstemning.

I år har eg litt av baksten framme i Norgesglas øverst i kjøkenhylla mi. 
Som de ser er 3 sorter i boks. Det blir nok nokre fleire. 
Men at det blir 7 sorter er ikkje
 så viktig for meg.

Kjøkenhylla har fått litt meir "julete" innhold. 
Pastelltinga mine står i skapet og venter på at saknet mitt blir altfor stort ;)
 Korleis er det med deg
Er du i "rute" til jul? :)

Ha ein flott fredag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 13. desember 2012

Ha ein fin Lucia-dag! :)

Vi juksa litt og bakte Lussekatter igår. 
Ariel hadde fri, så då er det ein fin aktivitet å bake litt! 
I dag går Ariel i Luciatog med kvit kjole og glitter i barnehagen.
 Så får ho vel endå litt fleire lussekatter der ;)
Koseleg!
Husker de at eg hadde besøk av ei avis i begynnelsen av desember? 
Avisa heiter Fylkesmagasinet, og eg fekk besøk av koslege Kristine som
 intervjua meg og tok bilder i vårt julehus ;) No ligg artikkelen på nett, 
og du kan lese den her om du vil :)

Ha ein fortsatt fin Luciadag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 12. desember 2012

Gåve- ide?

Eg har lenge tenkt å lage desse syltetøyglasa med plastdyr på lokket,
 som vi har sett både her og der det siste året.
 Men så fann eg nokre søte kvite porselenfugler på Nille sist eg var der. 
Og plutseleg hadde eg laga min eigen vri på ideen :)

Du trenger:

Syltetøyglas m/lokk
Pyntefigur
Lim
Maling

 Først limte eg porselenfuglen fast på lokket med ein limpistol. Du kan sikkert
 med fordel bruke superlim. Når dette var tørka så målte eg lokket
 og fuglen med ein tynn pensel i to av mine
favorittfarger :) 

 Her har eg fylllt glasa med julekaker. 
Ei fin og personleg julegåve til nokon som har "alt"? :)

I dag finn du nokre av
 bildene mine på den polske nettsida Chabrowe Pole. 
Du kan sjå det her! Stas ;)

Ha ein flott onsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 10. desember 2012

Jul i spisestova :)

De har sett nokre glimt av den julepynta spisestova vår før, 
men her kjem fleire bilder. Eg håper de
 ikkje går lei! ;)

TineK skåla mi har fått besøk av 
appelsin med nellik, nøtter, kanel og pepperkaker. 
Og når dei luktene blir blanda med påtente telys og granbar, 
då er det lukta av jul for meg :)

Julegardinene er hengt opp. 
Svibler og julestjerner er på plass. Og eg er fortsatt kjempefornøgd
 med vårt nymåla gråe spisebord :)

I yndlingskoppen min frå Figgjo har eg planta ein svibel.
 Og lagt litt mose rundt. I tillegg til raudt har eg brukt litt
lyseblått i juledekoren i år. 

På den svarte skjenken har eg samle ein haug med kvite lysestaker. 
Nokre av dei har fått ny farge for anledninga :)


Granbaren må nok skiftast ut før jul. 
Den er allereie begynt å miste nåler. Alternativt kan ein jo kjøpe falsk granbar
 på foreks Nille. Men då hadde eg sakna 
den gode lukta :)

Har du huska å melde deg på Give Awayen min?
Du kan vinne ein flott barneuro frå goyAgoy.no
Innlegget finn du her! :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 9. desember 2012

FørJuls- Give Away :)


goyAgoy.no er ein relativt ny nettbutikk som selger leiker og barneutstyr. 
Då Gro fekk barn og sakna ein stad der ein kunne kjøpe fine og morosame kvalitetsleiker, som samtidig ikkje var for dyre, starta ho like godt sin eigen butikk. 
Slik såg goyAgoy.no dagens lys :) 

Og her er det virkeleg eit flott utvalg, til ein billeg pris. 
Når du også betaler kun kr.49,- for frakt, så er det jo berre stas ;) 
No i adventstida finn du julekalender i nettbutikken med gode tilbod kvar dag.
Lik gjerne på Facebook her slik at du ikkje går glipp av noko ;)

Under her ser du nokre av mine
 favorittar frå nettbutikken;




 I samarbeid med goyAgoy.no 
vil eg lodde ut ein valgfri Barneuro frå nettbutikken med ein verdi inntil kr. 198,-.
Barneuroane er kjempefine. Trykk her for å sjå det flotte utvalget! Har du ikkje ein
 liten sjølv, så kjenner du kanskje nokon som 
kan få ein i gåve?




Slik tar du lodd;

1 lodd = kommentar

1 lodd = Linke til dette innlegget (bruk øverste bildet) eller dele på Facebook.

1 lodd = Gå inn her og finn ut kva barneuro du ville valgt. 

1 lodd = Lik goyAgoy.no på FB. Trykk her :)


Husk å skrive kor mange lodd du tar! :)



Trekning skjer fredag 21.desember.

Lykke til!


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails