lørdag 30. november 2013

Hei Desember!

 Hurra, endeleg er desember her. 
Her i huset er vi godt igong med pyntinga. Vi har til og med 
starta med kakebaksten. Pepperkaker og 
Cookies er i boks ;)
 Ariel fyller 4 år på mandag, så her blir det feiring i fleire dager. 
Ho har gleda seg og planlagt bursdagen sin i snart eit år.
 Så eg føler ein viss prestasjonsangst ;)
Ha ein herleg første søndag i advent!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. november 2013

Lita vimpelrekke på treet

 Jula er begynt å snike seg inn i heimen. 
Kassane med julepynt er komne ned frå loftet. 
Og svibler og julestjerner er på plass. I år har eg også kjøpt 2 juletre i potte. 
Ariel har fått det eine på rommet sitt. Det andre
 pynter fint i spisestova.  
 Eit juletre synast eg må pyntast litt på ;)
Difor fann eg fram 3 forskjellige washiteiper og eit tynt tau, 
og laga ei  lita vimpelrekke.
 Riv av 2-3 cm med teip. 
Klistre den saman over tauet og klipp det til. 
Enkelt og greit ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 22. november 2013

Bilder til barnerom

Eg gjorde mange gode funn på bruktbutikken for nokre veker sidan. 
Blant anna fann eg nokre fine gamle bilder til barnerom. 
Eg liker så godt slike, og kjøper dei eg kjem over ;)
Juni- bildet er av Elsa Beskow. Denne posteren har eg kjøpt ny. 
Men dei to andre bildene fann eg på bruktbutikken. Eg digger alle tre, 
og eg synast dei pynter fint opp på Hermine sitt rom :)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 20. november 2013

Gjer-det-sjølv Juletrelysestake

Eg har totalt dilla på juletre. 
Så denne jula blir det eit og anna, her og der ;)
Eg fekk ein ide om å lage juletrelysestaker
Sidan eg fortsatt har verktøyskrekk, spurde eg mannen veldig fint 
om han kunne sage ut nokre til meg. Eg teikna skisser og la dei "tilfeldig" på stovebordet. 
Og så var dei fiks ferdige dagen etter! Flinkisen :) I toppen har han bora hol 
i to av dei og sett ned i metallkopper til stearinlys (eg kjøpte hos Panduro)
 Også måla eg dei i 3 fine grønfarger.
Er du litt handy 
og kan handtere ei sag, så er dette ein enkel
 gjer-det-sjølv for deg ;)
Eg ser for meg at dei kan bli veldig fine
 å dekorere med til jul ilag med litt raudt og granbar.
Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 17. november 2013

Heldig vinnar!

 Eg har trekt vinnaren av den 
herlege gåvepakken som er sponsa av den fin-fine 
nettbutikken Jotex;

Og det vart

Nina E 
med bloggen Yndet

GRATULERER! :)

Kan du sende meg namn og adresse
 til epost husetvedfjorden(ætt)hotmail(dott)com ?
(Med forbehold om utsolgt, i tilfelle blir vara erstatta med noko tilsvarande)

Tusen takk til alle dei 87 som deltok. 
Ta gjerne ein tur innom Jotex.no. Der er masse fint til ein rimeleg pris :) 
Kanskje du klikker heim nokre julegåver ikveld?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 16. november 2013

Soverommet

Eg kunne tenkt meg fleire timer på soverommet vårt for tida. 
Med ei som liker å vere våken om natta, og ei anna som
 står forholdsvis tidleg opp, så blir ein 
aldri så lite trøtt ;)
Sengetøyet er nytt og deilig, og det har eg fått frå  Jotex
Du kan vere heldig å vinne blant anna 2 slike sengesett
 om du deltar her med ein liten kommentar ;) 
Trekning skjer imorgon kveld!

Ha ei flott helg vidare!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 12. november 2013

Ny spalte i Fylkesmagasinet

For eitpar veker sidan laga eg til juleverkstad ved spisebordet vårt. 
Litt tidleg kanskje? ;)  Men det var for å ta bilder til spalta eg skriv i Fylkesmagasinet. 
Avisa kom i posten idag. Og denne gongen handler spalta om Førjulstid og Juleverkstad. Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstander i Sogn og Fjordane. 
Du kan lese spalta mi på nett her om du vil :)
Her kjem nokre av bildene eg 
knipsa i den anledning;
Eg gleder meg til jul, 
gjer du

Klem frå Bjørg :-)

søndag 10. november 2013

Farsdag :)

Etter å ha fått etterlengta søvn heilt til kl halv 9 idag tidleg,
 vart det ein flott farsdag for både Pappaen og oss andre i huset. 
Pappaen fekk gåve på senga, vi åt middag på kafe og kake vart baka og eten opp :)
I tillegg vart det togbane leik utover spisebordet. 
Stor stas for liten og stor ;)
Fortsatt fin Farsdag til min Pappa,
 og alle andre Pappaer der ute!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 8. november 2013

Nysydde puter i glade retrostoff

For ei stund sidan kjøpte eg nokre fin- fine stoff på Etsy.  
No har eg endeleg somla meg til å sy puter av dei. 
Retrostoff i fine farger er til å bli glad av, 
synast eg ;)
Fin helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 6. november 2013

Blopp!

Det er lenge sidan eg har "leika" med symaskina
Men no fekk vi ein liten time med kvalitetstid, 
og då vart denne putefisken til.
 Nokon ekspert på sying er eg alldeles ikkje. 
Eg er litt på 'prøve-meg-fram-så-får-vi-sjå-korleis-det-går' stadiet.
Men eg synast det er utruleg moro. Denne gongen har eg teikna mønsteret sjølv,
 klipt ut i fine stoff og deretter sydd i veg. Den vart litt skeivt her og der. 
Men skit la gå, morsomt var det ;)
Jentene våre likte den. 
Og det er jo det beste av alt! :)
 Eg håper du har ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails