onsdag 25. februar 2015

Kjøkenbilder

Onsdag, fridag og flott lys = fram med kameraet.
Her kjem nokre bilder frå kjøkenet vårt som er ein god mix av gammalt og nytt. 
Litt ny design og mange bruktfunn. Ingen stoler som er like og fine farger.
Ikkje noko fancy, men vi trivst her. Akkurat slik eg liker det!
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. februar 2015

Speilkommode fekk nytt liv

 Det var på tide å børste støv av denne speilkommoden
 vi har fått etter mannens besteforeldre og gje den nytt livDen hadde 
ein lys beige- liknande farge som ikkje passa heilt inn hos oss.
Derfor måla eg den i fargen Late Sommerdager
 frå Fargerike.
 No har den fått hedersplassen på soverommet vårt. 
Eg liker kontrasten mellom den gamle kommoden med krakkelert 
speil og svarte dots på veggen ;)
 Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 14. februar 2015

Fastelaven

Det er så koseleg når jentene kjem heim frå barnehagen 
med fastelaven- ris pynta med fargerike fjær! 
Då må bukettane rett i vasen
 og fram på bordet :)
 Når det er fastelaven baker vi sjølvsagt boller også. 
Jentene er ivrige hjelperar, og var veldig nøye med å smaksteste deigen!
Bollane delte vi i to og fyllte dei med fløyte- og vaniljekrem. 
Det var godt det! :)
Fastelaven er nok eit tegn på at våren nærmer seg! 
Det er så herleg med dagslys som varer litt lenger dag for dag.
Det blir også så mykje kjekkare å ta bilder;)
Ha ei fortsatt fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. februar 2015

DIY; veggklokke

Eg fekk som sagt før tilgong på ein haug med finèrplater
Denne gongen har vi laga ei veggklokke av ei av dei.
 Min snille og tålmodige mann gjekk atter ein gong ned i kjelleren
 og fann fram saga. Han sagde ut ein sirkel til meg. Denne vart pussa i kantane.
Eg kjøpte urverk på Clas Ohlson som eg spraya
 i ein nude- farge.
 Eg vurderte lenge å dekke plata med marmorfolie, 
men fann til slutt ut at den var finast i treverk :)
Treverk og pasteller er så fint i lag, synast eg!
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails