lørdag 5. desember 2015

Førjulstid!

Eg har lært frå desember ifjor. 
Den var nemleg prega av stress og alt som måtte gjerast! 
I år prøver eg å halde skuldrane lave. I staden for ferdig julepynta hus 
1.desember, tar vi ein annan vri dette året. No snik jula seg inn litt etterkvart. Julegåvene er omtrent ferdig handla inn. Med avslappande klikk frå nettet godt planta i sofaen, 
er dei på veg til meg med posten. Julevasken får vente ei stund til, 
slik at det held seg reint og ryddig til julafta ;)
Julestjernene er sjølvsagt på plass. 
Julepledd, sjølvlaga lysboks og julebroderi laga av svigermor er komen på veggen. 
Meir vil dukke opp etterkvart. Eg storgleder meg til juletreet er på plass. Men tradisjonen tru blir ikkje det før lillejulafta. Ellers har vi sjølvsagt laga nokre julekaker, 
men det er jo berre kosleg for liten og stor! :)
  
Husker du på å kose deg i desember?

Klem frå Bjørg :-)

1 kommentar:

mali-mo sa...

Høres ut som en veldig fornuftig plan- jeg har omtrent den samme selv også, bortsett fra en liten oppussing på kjøkkenet ;) God førjulstid!

Related Posts with Thumbnails