torsdag 18. februar 2016

Blått er flott ♡

Eg brukte første halva av morsdagen til å kose meg ilag med familien. 
Så reiste mannen og jentene på vinterferie, og eg var snar å finne fram målekosten. 
Eg har lengta etter ein date med den, heilt for meg sjølv! Det er heilt utruleg 
kor kjapt ting går når ein får fred på seg ;)

Eg gjekk sjølvsagt tom for måling, så vi har fortsatt ein vegg som er kvit. 
Men eg er storfornøgd så langt!

Det vart mykje lunare i spisestova vår, synast eg.
Hurra for meir farger ;)

Fargen heiter prekestolen og er frå Fargerike. 
Den er ein tanke blågrøn. Perfekt for meg som elsker både grønt og blått. 
Til og med mannen er fornøgd. Så då er det berre å klappe seg sjølv på skuldra ;)


Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 12. februar 2016

God helg! :)

Det er helg, og for ein gongs skuld er heile huset reint og nesten ryddig.
Då kan til og med gangen bli foreviga med kameraet ;)
Ja, eg sa nesten rydddig ;)
Vi ser fram til ei helg fyllt med kos og ein dæsj kaos!

Ønsker deg nokre fine fridager!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. februar 2016

DIY: Hengepotte

Hermetikkbokser kan brukast til mykje!
Denne gongen har eit par av dei blitt til hengepotter her hos meg. 
Superenkelt å lage og mykje billegare enn dei hengepottene 
du kan kjøpe ferdig i butikken ;)

Eg limte først tapet på boksen. Deretter laga eg tre hol med spiker og hammer. Så drog eg snøret gjennom hola og festa med ein knute. Dei tre snørene 
festa eg i ein knute litt over planten. 


Så gjenstår det berre å bestemme seg for kor den skal henge ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 1. februar 2016

Kosetid!

Ute daler snøen ned, bygda har fått eit kvitt teppe. 
Inne er det fyr i ovnen. Kaffi i koppen. Ei lita ei som er sjuk og 
helst berre vil ligge på fanget. Vi sit her med teppe på. Ho ser på Drømmehagen og eg taster dette innlegget. Rundt meg ser eg alt som skulle vore gjort, 
men det får vente..I dag er det kosetid! :)


Ønsker deg ei riktig god veke!

Klem frå Bjørg :)

Related Posts with Thumbnails