søndag 29. mai 2016

Gult ER kult!

Dette kule (og gule) teppet frå Ikea har eg sikla etter sidan 
første gongen eg såg det. No er det endeleg blitt med meg heim! 
Eg synast det gav ein herleg energi i TV-stova vår.

Symaskina og superfine retrostoff kjøpt hos @nydeligflott_salg 
står klart og venter på at eg får eit kreativt innfall ;)

Eg håper du har hatt ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 28. mai 2016

Terasseliv☀

Vi har hatt nydeleg ver i Nordfjord den siste veka. 
Det er herleg når vi endeleg kan "flytte ut" og kose oss på terassen. 
Vi har ein stor terasse med fantastisk utsikt over fjorden. Eg blir aldri lei av sitte 
her og sjå utover den fine naturen.

Eg vart plutseleg aleine heime idag. Den nye planen var å sitte her med vin 
i glaset og ei bok i fanget. Men då kom sjølvsagt lyn og torden på besøk. 
Difor vart det nytt blogginnlegg istaden ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 16. mai 2016

Kvelden før dagen!

Stova er enkelt pynta med flagg, bjørkeris og vimpler. 
Kledene er klar. Jentene er forventningsfulle og bord er bestilt til
koldtbordet på kafeen. No kan 17. mai berre kome ;)


Eg ønsker deg ei flott feiring - Hipp Hurra!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 2. mai 2016

Prikken over i'en 👌

I spisestova har vi ei gammal seng ståande. Den blir brukt til avslapning, lesing og ofte fester vi ei heimelaga sklie på den. Noko som er stas for jentene, som sklir og har det moro. Etter at eg målte veggane blå har eg ikkje hatt noko på veggen her. Eg måtte nyte fargen ei stund. Behovet for endring kjem likevel raskt hos meg, og det føltes plutseleg litt tomt... 


Det er ikkje så vanskeleg å finne dekorative bilder til veggen, når eg jobber med nettbutikken kunstbilder.no, som er fyllt opp med mengder av herleg fotokunst. Valget denne gongen fall på bildet av ei svanemor og ungen. Eg synast det er heilt nydeleg! Bildet heiter 'Close to you' av Piet Flour, og du finn det her!


Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails